AddToAny

Ingen faglig dekning for å seie at små skular ikkje er fagleg på høgd med dei større

Ingen faglig dekning for å seie at små skular ikkje er fagleg på høgd med dei større
Sidan kommunane fekk det fulle økonomiske ansvaret for drift av grunnskulen, har mange små skular blitt lagde ned. Det blir hevda at små skular ikkje er fagleg på høgd med dei større skulane.
Men det finst ikkje fagleg dekning for ein slik påstand. Følg Utdanningsnytt på Facebook!

For mange år sidan intervjua eg skulesjefen i ein telemarkskommune. Dette var på 1960-talet, mot slutten av førre periode med skulenedleggingar. Han kunne tilfreds slå fast at no hadde vi fått eit lettdrive skulestell med berre ein kombinert barne- og ungdomsskule.

Så blei det stilt om skulenedleggingar fram til sist på 1980-talet. For kommunane var det lite eller ingenting å vinne på å leggje ned skular fordi staten langt på veg tok rekninga gjennom øyremerkte tilskott. Fagfolk og fagpolitikarar på ulike nivå hadde festa lit til det forsking her heime og i andre land viste om at ungane lærer like godt i små som i store skular og at det var mange fordelar for elevar, foreldre og lokalsamfunn om skulane er nærmast mogleg for flest mogleg.

Då Noreg var fattig, blei skulane ikkje lagde ned av økonomiske grunnar.

Kommunalt økonomisk ansvar

I 1986 fekk kommunane det fulle økonomiske ansvar for drift av grunnskulen. Ei samla alt i ein sekk -overføring frå staten skulle gje kommunane større handlingsrom og gjere det lettare å sjå ressursbruken på dei ulike sektorane for tenesteyting i samanheng. Nye oppgåver på eitt felt, til dømes på sosial- og helsesektoren, krev innsparing på andre. Nedlegging av små skular kan hjelpe mange kommunar til å berge budsjettbalansen og halde kommunen klar av fylkesmannens Robek-liste. Så har då òg skulenedleggingane kome for fullt. Nordlandsforskning har i ei ny kartlegging vist at talet på grunnskular i landets 140 mest grissgrendte kommunar frå 1990 fram til i dag er redusert frå 500 til 300 (Solstad og Solstad 2015).

Men skulenedleggingar skjer i alle kommunetypar. På landsbasis er det over dei siste 20 åra lagt ned om lag 50 skular årleg, godt over halvparten av desse med færre enn 30 elevar. Men det er i dei seinare åra ein klår tendens til at barneskular blir lagde ned sjølv om elevtalet er godt over 50. Nedlegginga av Neverdal skule, som Meløy kommunestyre vedtok like før jul 2015, er eit godt døme.

Tilfellet Neverdal skule

Neverdal-skulen med noko over 60 elevar var ein rimeleg stor bygdeskule med ein drivande lærarstab som mellom anna har gjort at skulen over fleire år har utmerka seg positivt reint fagleg, og ein skule som har ei entusiastisk foreldregruppe og eit heilt bygdesamfunn i ryggen. I dette tilfellet, som i svært mange andre tilfelle når så pass store skular blir lagde ned, er dei økonomiske innsparingane, sjølv på kort sikt og i eit reint bedriftsøkonomisk perspektiv, diskutable, slik det går fram av ein tidlegare rapport frå Nordlandsforskning (Rønning et al. 2003).

Eg var til stades på eit stort folkemøte i Neverdal like før det famøse kommunestyrevedtaket. Representantar for fire av dei seks partia i kommunestyret var til stades. Ut frå det som kom fram på møtet, mellom anna om økonomiske sider ved saka, skulle ein ikkje tru at det samla kommunestyret berre få dagar etterpå med klårt fleirtal vedtok å leggje ned skulen i Neverdal. Kva er det som driv den fagbyråkratiske og politiske leiinga i ein kommune til slike vedtak som foreldre og eit samla lokalsamfunn fører ein årelang kamp mot?

Grunnar for nedlegging

Av 2015-kartlegginga vår går det fram at dei to grunnane for skulenedlegging som det oftast blir vist til frå kommunenivået, er (1) lågt og minkande elevtal og (2) økonomi. Desse to grunnane blir trekte fram i 70-80 prosent av tilfella. Som den tredje viktigaste grunnen, nemnd i nærmare halvparten av tilfella, kjem omsynet til kvaliteten på skuletilbodet. Og kvalitet synest i dag, så vel for politikarar på all

Les mer

Flere saker fra Utdanning

En aksjon blant lærerne i Trondheim avdekket lovbrudd, alvorlige voldshendelser og en stor bemanningskrise. Men løsningene har latt vente på seg.
Utdanning 17.10.2025
Det kan ikke gis et generelt svar på hvilke endringer som vil kunne representere en endringsoppsigelse. Det må vurderes for den enkelte avtale.
Utdanning 17.10.2025
Folkehøgskole kan bidra til at mange finner rett vei videre i utdanning eller arbeidsliv.
Utdanning 17.10.2025
Etter et tiår med store reformer i skoleverket konstaterer finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap) at kvaliteten i skolen ikke er god nok. [...
Utdanning 17.10.2025
Dersom alle skal ha lik mulighet til å lykkes, bør skolen fokusere mindre på drøfting og mer på konkret faglig innhold.
Utdanning 17.10.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt