forskning.no
03.08.2020
Mange kvinner blir deprimerte i samband med svangerskap og fødsel. No samarbeider forskarar frå heile Europa for å finna den beste hjelpa.
Å få barn er noko dei fleste ser fram til med forventing. Men det er ikkje alle som opplever svangerskapet som ei lukkeleg tid. Nokre kvinner opplever så alvorlege depresjonar at dei treng behandling.
Les mer- Det vanlegaste er å tilby psykoterapi som fyrste val, og deretter medisinar. Men praksis varierer frå land til land. Trass mykje tverrfagleg forsking manglar vi framleis ei internasjonal forståing av problemet, seier forskar Angela Lupattelli ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.