Fjell og Vidde
30.03.2020
Preikestolen er blitt ein global superkjendis, som er vanskeleg å få på eigenhand. Eg gjer eit forsøk ein morgon i byrjinga av april.
I grålysninga står eg opp og skodar ut over den aude parkeringsplassen ved Preikestolhytta. Berre ein svarttrost på eit gjerde held meg med selskap.
Ambisjon n er å nå Preikestolen innan soloppgang, men sidan det er lettskya, let eg meg freista til å ete frukost først.
DU MÅ SKUNDA DEG
Eg sit og kikkar på egget mitt då frukostverten kjem. Ho får del i planane mine om å gå - nesten åleine - til Preikestolen. Fjellplatået er blitt eit heilårs turmål for fleire hundre tusen menneske, og det skal godt gjerast å komma seg opp og ned utan å møta andre.
- Då bør du skunda deg, for i 10-11-tida plar bussane komma, seier ho.
Ho seier bussane. I fleirtal! Egget går ned på høgkant, og eg småspring mot undergangen der stien startar. Fuglane held ennå nebba sine lukka. Berre lyden av mine eigen pust høyrast her mellom treleggane, men høgt der oppe går flytrafikken jamt og trutt.
Eit lysegrått og fredeleg lys ligg mellom trea, grå er også steinane og dei blankskurte berga føtene mine trør på. Eg fell til ro til lyden av skritta mine. Det er tørt, reint og stille. Berre ein liten flik av eit attgløymt appelsinskal lyser opp i alt det grå.
Grå stein. Stein på stein, e
Gå til medietAmbisjon n er å nå Preikestolen innan soloppgang, men sidan det er lettskya, let eg meg freista til å ete frukost først.