Bondebladet
08.08.2016
Bugnande friske grønsaker til gjestene på Baroniet. Baroniet i Rosendal, frå 1665, er det minste slottet i Skandinavia.
Ein 300 år gamal renessansehage, og mektig utsyn mot fjord, fjell og fossefall, har gjort slottet i Kvinnherad kjent som ein av dei største attraksjonane på Vestlandet.
Les merSlottet er mellom anna kjent for den vakre landskapsparken, og for eit rikt kulturprogram med konsertar, teater, foredrag og kunstutstillingar.
I 1850-1870-åra vart det etablert ein stor kjøkkenhage, med svært mange nyttevekstar, i hagen til Baroniet.
Gjennom heile sesongen
I perioden frå 1998 til 2005 vart kjøkkenhagen restaurert, og no vert avlingane av økologisk grønsaker, krydderurter, bær og frukt nytta av kafeen og av storakjøkenet på Rosendal avlsgard.
- Vi brukar dei friske råvarene frå kjøkken- og urtehagen gjennom heile sesongen.


































































































