AddToAny

Vitskapsfilosofi for barnehagelærarar - refleksjon, profesjon, praksis

Vitskapsfilosofi for barnehagelærarar - refleksjon, profesjon, praksis
Når ein tar ein bachelorgrad ved eitt av universiteta i landet, høyrer det med ein komponent filosofihistorie og grunnleggjande vitskapsfilosofi. Slik er det ikkje for den som tar ein barnehagefagleg bachelorgrad.
"Utdanninga skal vere forskingsbasert, profesjonsretta og praksisnær." (Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning, s. 5)

Finst det eigentleg gode grunnar til det? Mykje skal med i eit innhaldsmetta og praktisk retta studium, men er det grunn nok til å la dei vitskapsfilosofiske spørsmåla liggja? Burde ikkje spørsmål om faga sin innbyrdes samanheng i profesjonen og tema som teori og praksis, kunnskap og sanning, verdiar og normativitet, få eit eige fokus som viktige ting å tenkja over for den komande barnehagelæraren?

Ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus har vi vore av ei slik oppfatning. I det følgjande ønskjer eg å gi eit omriss av korleis vi har søkt å møta dette omsynet på ein relevant og god måte innafor rammene som er gitt oss ved studentane sitt utdanningsløp. Prosessen har ført fram til ein særleg måte å arbeida på som eg ønskjer å presentera i det følgjande. Vonleg kan våre erfaringar vera av interesse også for andre i feltet.

1. Fag i utdanninga: praktisk syntese

"Utdanninga bidrar med ulike aspekt til barnehagelæraren sin mangfaldige kompetanse, som blant anna byggjer på eit integrert syn på omsorg, leik, læring og danning." (Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning, s. 11)

Med omlegginga frå fag til fagområde i ny utdanning i 2013 blei spørsmål reaktualiserte kring korleis vi skal tenkja koplinga mellom dei ulike faga sine bidrag inn til den komande barnehagelæraren si profesjonsdanning. For korleis skal vi eigentleg forstå samanhengen mellom våre tidvis ganske ulike bidrag inn til studenten si danning og utdanning? Her synte filosofen Harald Grimen si sondring mellom praktisk og teoretisk syntese seg som ein fruktbar inngang (Grimen, 2008, s. 72ff.).

Når vi står andsynes ein teoretisk syntese, tyder dette at ein innafor ein fagleg horisont har nådd så stor semje kring grunnleggjande teoretiske spørsmål at ein meir eller mindre kan seiast å ha samanfallande horisont. Innafor visse fagdisiplinar (som kjemi, biologi og matematikk) eller utvalde profesjonar (som juss) kan ein finna at ulike kunnskapselement meir eller mindre heng saman innafor ein overordna teoretisk horisont.

Men imellom så varierte fagtradisjonar som barnehagelærarutdanninga femner om - pedagogikk, samfunnsfag, religionsfag, naturfag og kunstfag - er det ikkje å venta at ein vil ha noko nær semje i det teoretiske grunnlaget. Ein vil ha ulik innfallsvinkel til forståinga av grunnleggjande orienteringar hos born og kva danning, sosialisering, læring, leik og samspel skulle tyda i born sin kvardag. For nokre fag vil kollektive perspektiv og historiske linjer vera viktige orienteringsaksar, medan andre vil leggja større vekt på det individuelle perspektivet og psykologisk forsking. Manglande samkøyring av innfallsvinklar skal ikkje sjølv sjåast som eit problem. Snarare bør vi forstå dette som produktive friksjonsstader som til saman gir oss eit meir komplekst og mindre einauga bilete av livet i barnehagen.

Måten faga trass skilnader like fullt skal sjåast som del av same einskap er, med stønad i Grimen sitt omgrep, som del av ein praktisk syntese. Dette tyder at samanhengen mellom dei ulike fagperspektiva i barnehagelærarutdanninga er i særleg g

Les mer

Flere saker fra Utdanning

En aksjon blant lærerne i Trondheim avdekket lovbrudd, alvorlige voldshendelser og en stor bemanningskrise. Men løsningene har latt vente på seg.
Utdanning 17.10.2025
Det kan ikke gis et generelt svar på hvilke endringer som vil kunne representere en endringsoppsigelse. Det må vurderes for den enkelte avtale.
Utdanning 17.10.2025
Folkehøgskole kan bidra til at mange finner rett vei videre i utdanning eller arbeidsliv.
Utdanning 17.10.2025
Etter et tiår med store reformer i skoleverket konstaterer finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap) at kvaliteten i skolen ikke er god nok. [...
Utdanning 17.10.2025
Dersom alle skal ha lik mulighet til å lykkes, bør skolen fokusere mindre på drøfting og mer på konkret faglig innhold.
Utdanning 17.10.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt