Torsdag 9. juni skal det vere parallelle styremøter ved Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Bergen (HiB). Her skal styra ta stilling til fusjonsplattforma som forhandlingsutvalet har kome til semje om.
Sakspapira er klare. Her står det at leiinga ved dei tre høgskulane tilrår fusjon.
Seier også styra ja til fusjon, betyr dette at høgskulelandskapet på Vestlandet blir gjennomgåande endra: Dei tre einingane vil forsvinne 1. januar 2017, og bli erstatta av den langstrakte Høgskulen på Vestlandet.
- Til det beste
- Dette har vore ein lang prosess med strukturmelding, eksterne og interne utgreiingar, analysar og forhandlingar. Når eg no ber styret om å seie endeleg ja til ein fusjonsavtale, er det fordi eg er overtydd om