Etter å ha fylt ut søknaden oppdaga Mjølhus feil på dei drygt 2,5 kilometrane med merka turstiar på miljøkartet.
Retta i kartet
- Det var opplagde feil der dei blå vegstubbane på kartet ikkje hang i hop. Eg ville berre retta opp slik at kart og terreng samsvarte, før eg trykte på send-knappen, fortel Arve.
Søknaden vart sendt elektronisk 15. august i fjor, og ei kvittering på e-post frå Altinn stadfesta at søknaden var sendt.
Seinare har Fylkesmannen påpeika at Mjølhus burde oppdaga at skjøtsel av bratt areal saman med vedlikehald av ferdselsårar ikkje hadde kome med på kvitteringa.
- For å oppdaga det måtte eg ha samanlikna og finlest kvitteringa med den eg fekk året før. Det gjorde eg ikkje, eg registrerte at søknaden var motteken i Landbruksdirektoratet, og rekna med at alt var i orden.


































































































