Tidsskrift for norsk psykologforening
05.04.2018
Eg brukar for mykje tid på journalarbeid. Men viss eg brukar endå meir, kan eg bruke mindre.
EIN STOR DEL av arbeidsdagen min i helsevesenet er å skrive journal. Nokre dagar er det meir skriving enn noko anna. Det føles ikkje rett, for menneske blir sjeldan friskare av at andre menneske skriv om dei. Noko av det eg skriv, blir dessutan ikkje lest av andre enn meg sjølv. Ein må vere erfaren eksistensialist for å tåle slik meiningsløyse. Terapeutar skal møte og hjelpe andre menneske. Journalen er eit nødvendig kommunikasjonsmiddel og arbeidsverktøy, men ikkje eit mål i seg sjølv. Det må vere ein balanse mellom tidsbruk og nytteverdi når ein skriv, og den er vanskeleg å finne. Eg møter denne utfordringa på ulike måtar, avhengig av tidspress og dagsform:
Fort og gale: På dei travlaste dagane skriv eg ned det eg rekker. Resultatet er ei blanding av korte, lange og ufullstendige setningar med heimelaga grammatikk og syntaks. Eit privat eller kryptert språk, som berre er forståeleg for meg. Nokre dagar forstår ikkje eg det heller. Teksten har då ingen nytteverdi, utover dokumentasjon f
Gå til medietFort og gale: På dei travlaste dagane skriv eg ned det eg rekker. Resultatet er ei blanding av korte, lange og ufullstendige setningar med heimelaga grammatikk og syntaks. Eit privat eller kryptert språk, som berre er forståeleg for meg. Nokre dagar forstår ikkje eg det heller. Teksten har då ingen nytteverdi, utover dokumentasjon f


































































































