Norsk Landbruk
12.05.2016
Trass i avgrensa ressursar og ein fjøs som ikkje er optimal, har Lars Espevik greidd å auke avdråtten til 9 982 kilo EKM.
Det har han gjort ved medvite å droppe å streve etter høge verdiar for feitt og protein.
- Eg har drøfta med fôringsrådgjevaren min, Anja Våg Skjold, kva som skal til for å auke innhaldet av feitt og protein. I dag er feittprosenten 3,81, mens proteinprosenten er 3,21. Eg skulle gjerne ha vore oppe i fire prosent feitt, men då er svaret å gå ned på avdråtten. Det vil eg ikkje


































































































