Norsk Landbruk
21.09.2017
Kjøp dyr som har same smittestatus som din eigen buskap, er rådet frå Trond Vidar Berge. Men raud status betyr ikkje verdas ende.
Nordåsen Charolais fekk status som grøn buskap, etter at det blei tatt prøvar av alle ammekubuskapar i fjor haust. Som livdyrprodusent vil det få store konsekvensar for Trond Vidar om han skulle få smitten.
- Viss du får smitte i kalvingsperioden, er det veldig tett med dyr i fjøsen, slik at du risikerer ein epidemi der kalvar døyr. Då er konsekvensane store, fordi kalven er den einaste betalinga ein ammekubonde har på den kua i løpet av eitt år. Alt anna er utgifter. Om me reknar eit dekn


































































































