AddToAny

VIL SLØSINGA TIL LIVS

VIL SLØSINGA TIL LIVS
Brorparten av biomedisinsk forsking kjem aldri samfunnet til gode. Målretta tiltak kan endre på dette, men arbeidet går seint.
- Eg trur nok det er eit element av fornekting involvert, seier Paul Glasziou.

Han er lege og professor i evidensbasert medisin ved Bond University i Queensland i Australia. For åtte år sidan publiserte han saman med Iain Chalmers - som er ein av grunnleggarane av Cochrane-samarbeidet* - ein artikkel i tidsskriftet The Lancet, der dei hevda at 85 prosent av alle midlar til biomedisinsk forsking truleg var bortkasta. I dag svarar det godt og vel til 170 milliardar amerikanske dollar, meiner dei.



- OVERVELDANDE

No står Glasziou med tekoppen sin i ein av pausane i programmet på den femte verdskonferansen for forskingsintegritet i Amsterdam. Han forklarer at han trur dette enorme talet kan bli så overveldande at forskarar ikkje orkar å ta innover seg problemet med bortkasta forsking i det daglege. Det kan vere ein av grunnane til at oppryddinga går så seint.

Eitt av programpunkta på konferansen tok for seg nettopp bortkasta forsking og kva som blir gjort for å redusere sløsinga med forskingsmidlar. I artikkelen frå 2009 gjorde Glasziou og Chalmers greie for ei rekkje ulike mekanismar dei meiner ligg bakom bortkasta forsking: Biomedisinsk forsking tek ikkje tak i dei spørsmåla som er mest relevante for pasientar og legar. Til dømes går ein stor del av forskingsmidlane til studiar av medikament, medan pasientar ofte ønskjer meir kunnskap om ikkje-medikamentell behandling. Studiar blir sette i gang utan at ein først har undersøkt om det er behov for dei, basert på den forskinga som allereie ligg føre. Meir enn halvparten av biomedisinske studiar blir aldri publiserte, og dei som blir
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt