Bondebladet
28.12.2016
Har opna to landhandleri med lokal gardsmat. I Evanger og på Kvamskogen, mellom Bergen og Hardanger, har Monika og Ove Henning Bjørsvik skapt nytt liv med landhandleri.
I Evanger starta dei for to år sidan, og på Kvamskogen opna dei landhandleri i den gamle NAF-bygningen i desember.
Les merGardsmat frå regionen
I landhandleria tilbyr dei gardsmat frå leverandørar rundt om i Hardanger, Voss, Vaksdal og Samnanger.
Samtidig har butikkane dei tradisjonelle daglegvarene ein treng.
Det starta med at Ove Henning Bjørsvik kjøpte ein gard i Evanger i 2012.
Sjå video: Ettertrakta pinnekjøt frå Evanger


































































































