- Det blir bygd for lite på Vestlandet fordi det ikkje er økonomi i å reise mindre fjøs tilpassa arealgrunnlaget. Vi må få ei støtteordning som sikrar byggjing av nye fjøs på Vestlandet og i Nord-Norge, og auke driftilskot for dei same områda, seier Bjørdal.
Fare for overskot
- Arealtilskotet er fjerna for gras i sone 0, men likevel blir det dyrka meir gras enn nokon gong. I tillegg brukar storfebøndene halm og kraftfôr. Kvalitetstilskotet O+ på slaktet bidrar til dette. Vi må få tak på tilskotet og stimulere til å byggje mindre fjøs. Dei store storfefjøsa det er ressursgrunnlag for, er allereie bygd på Vestlandet og i Nord-Norge, kanskje fleire enn det er grunnlag for også. Landsdelane har ein topografi og eit klima som avgrensar produksjonen, poengterer Bjørdal.
- Fryktar du overskot av storfekjøt?
- Faren er der. Dersom forholda blir lagt til rette for at folk får ture fram med stofe i store fjøs, i område der dei ikkje skulle vore, bør


































































































