frilansjournalist En artikkel fra De regionale forskningsfondene
Storknolla råtesopp er ein parasittsopp som jamleg gjer innhogg i avlingane og fører til store økonomiske tap for norske salatdyrkarar.
- Omfanget av problemet er særleg stort når salaten vert dekt til med fiberduk for å forlenge vekstsesongen. Tildekkinga skapar eit fuktig mikroklima der soppen trivst godt, og tap på 20-30 prosent av avlinga er slett ikkje uvanleg. I ekstreme tilfelle har vi sett at inntil 70 prosent av salaten vert øydelagd, seier Berit Nordskog.
Ho er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og har leia eit forskingsprosjekt der den storknolla sabotøren har stått i sentrum.
Subarktisk type påvist
- For å utvikle gode plantevernstrategiar må vi først vite kva typar av storknolla råtesopp som angrip norsk salat. Effektive mottiltak føreset at vi kjenner biologien til den einskilde arten, seier Nordskog.
Tidlegare var Sclerotinia sclerotiorum den einaste kjende arten av storknolla råtesopp i norske salatåkrar. No er det for første gong påvist at også ein annan art tråkkar flittig i salatbedet. Det dreiar seg om Sclerotinia subarctica, ein art som vart oppdaga her i Noreg på 1990-talet.
- Vi har fått prøvar frå salatdyrkarar over heile landet, og analysane våre viser faktisk ei ganske jamn fordeling mellom dei to typane av storknolla råtesopp. Begge artane er påviste på same tidspunkt i same felt og er også jamt fordelte i prøvar frå ulike regionar.
Den storknolla råtes