I midten av november var han med ein delegasjon på vel 30 bønder, rådgjevarar, økonomar og byggplanleggjarar til Irland. Ein del føresetnader mellom Noreg og Irland er grunnleggjande ulike, mens andre er samanliknbare. Ein av dei største forskjellane er at irske storfeprodusentar ikkje har pålegg om beiting, men pålegg om at dyra skal ha tak over hovudet minst 12 veker i året. Med beiting så stor del av året har Irland lågare krav til fjøsa enn me har i Norge.
Nytte: Kjetil Olsen i Fjøssystemer Vest meiner bønder i Rogaland vil dra nytte av erfaringane frå Irland.
MYKJE ER OVERFØRBART
- Det er ikkje alt me har sett på turen me kan ta med oss heim. I Irland er det lov å ha mordyr på fullspaltegolv, dei brukar mykje strø og har større dyretettleik. Her lagrar dei gjødsla i djupe gjødselkjellarar, mens me ofte heilt tette bygningar og reglar om gasstett lagring. Her er det opne fjøs med naturleg lufting, oppsummerer Olsen.
Men trass i det som er ulikt er det også mykje som er overfør


































































































