Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) blei utnemnt til statsråd i Erna Solberg si regjering 22. januar 2019. Ho var stortingsrepresentant frå Rogaland for perioden 2013 - 2017, etter å ha vore vararepresentant frå 2009.
Bollestad (58) har ansvar for å gjennomføre regjeringa sin landbruks- og matpolitikk. Ministeren kommenterer topplasseringa på maktlista slik:
- Vi lev i eit komplisert samfunn, og kva er den rette defisjonen på makt? Internasjonalt er det ei stor makt som heiter Kina, dei får stadig meir makt. Eg har fått ein posisjon som gir meg mykje makt, men for meg er det viktigaste å få til eit godt samarbeid og finne gode løysingar. Løysingar som vil trekke folk med. Tidlegare har eg hatt ulike leiarroller, og der har det vore viktig for meg å skape endringar som leiar - få fram produkt som held god kvalitet. Eg vil bruke makta mi så godt som eg k