Bondebladet
05.03.2019
Tolv medlemmer frå Sirdal Bondelag besøkte hovudkontoret i Oslo sist veke. Turen var premie etter vervekampanjen i november 2018.
Sirdal i Vest-Agder var det lokallaget som verva flest medlemmer, ut frå ei totalvurdering på mengd og prosent, i november i fjor. Leiar i lokallaget, Tor Arne Liland, verva sjølv 22 av dei 25 nye medlemmene.
Les merDet gav ein medlemsvekst på heile 31,2 prosent i verveperioden. Liland verva dei fleste medlemmene med mobiltelefonen.
Tolv medlemmer frå lokallaget, pluss fylkesleiar Tor Erik Leland, kom til Oslo sist veke.
- Me hadde ein veldig grei tur. Det var god spreiing i alder på oss, både unge og eldre, men inntrykket mitt er at alle var godt nøgde, seier Liland.
På programmet stod blant omvising, informasjon, og samtale med leiar og generalsekretær i Bondelaget, Lars Petter Bartnes og Sigrid Hjørnegård.
- Det var fint å få møte dei. Astrid Solberg hadde laga eit veldig bra opplegg for oss. På kvelden var me på Latter med middag og