Norsk Landbruk
05.09.2024
Ole Sævareid har nokre spennande dagar i vente. Sauene på fjellbeite har byrja å lengte heim, og årets vêrlam og påsettlam skal silast på grunnlag av genomisk seleksjon.
Snart kjem resultata frå GS-testen.
- Det har vore ein lang sesong. Me køyrde dei første sauene på fjellet 22. mai, to-tre veker tidlegare enn vanleg. På starten av sommaren var vêret veldig bra, men på slutten har det vore mykje regn, fortel 48-åringen.
Alt dette, og GS-testinga, skal me komme tilbake til, men først litt meir om drifta på garden, som ligg idyllisk til ved Stordalsvatnet i Etne. På den andre sida av vatnet i Stordalen går europavegen, som knyter Haugesund til Austlandet, via Haukelifjell. Her driv Ole eit kombinasjonsbruk med sau og ku saman med kona, Sigrid Mokleiv Sævareid, og tre barn.
Ole er glad i kombinasjonen mellom mjølk og sau, men legg ikkje skjul på at det er sauedrifta han lever for. Når dagane for båsfjøsen er ferdig talde om ti års tid, er sjansen større for at det blir fleire sauer på garden,
Gå til mediet- Det har vore ein lang sesong. Me køyrde dei første sauene på fjellet 22. mai, to-tre veker tidlegare enn vanleg. På starten av sommaren var vêret veldig bra, men på slutten har det vore mykje regn, fortel 48-åringen.