AddToAny

Ventar på grønt lys og nye griser

Ventar på grønt lys og nye griser
Arvid Varhaug selde livgris til eit 50-tals svineprodusentar. Trass i ei nærast hermetisk lukka besetning, blei dyra likevel smitta med LA-MRSA. I fjor haust måtte familien følgja avlsbesetninga, bygd opp gjennom meir enn tjue år, til slaktebilane.

Rausheita og varmen sit djupt inne under det låge taket og mellom plankeveggane i det verna jærhuset til Inger Lise og Arvid Varhaug. Kaffetraktaren arbeider på spreng, det er kort intervall mellom latterkulene rundt kjøkkenbordet. Men under ligg alvor og uvisse. Dei to får ikkje fred i sine rotfesta bondesjeler før dei har fått endeleg klarsignal frå Mattilsynet om at garden er smittefri og klar for nye griser.

STARTEN

- Ja, det var den gongen det, svarar dei, og smilar til kvarandre, som svar på spørsmålet om starten på bondeeventyret.

Arvid Varhaug var berre 17 unge år då han i 1982 starta å pakta heimgarden Komlarvodl på Varhaug i Hå kommune på Jæren. Året etter flytte Inger Lise, også frå Varhaug, inn i huset. Då var ho femten år og gravid med eldste sonen, Ola. Det var meir enn nok til å få praten i gang rundt om i bygda. Inger Lise og Arvid hadde anna å gjera enn å bry seg med bygdeprat. Dei hadde familie som skulle stiftast og gard som skulle utviklast. Garden var ikkje veldig stor i starten.

- Åtte purker, tolv kyr og 80 dekar dyrka mark, fortel Arvid, som vart gardeigar saman med Inger Lise i 1984.

Arvid var aldri i tvil om kva han ville.

- Driva gard og stella kyr og griser. Kyrne representerte det trygge og føreseielege, medan å satse på gris var meir usikkert på den tida. Besetningane var små, og dei fleste jærbøndene som dreiv med gris, dreiv småskala og gjerne i kombinasjon med mjølk.

SATSA ETTER EU-NEI

Fjøset vart ombygd i 1986, året etter vart det bygd gjødsell

Gå til mediet

Flere saker fra Norsk Landbruk

I de svenske skogene har aktivister oppdaget en snedig metode for å få stoppet tømmerhogst, skriver Lantbrukets Affärstidning.
Norsk Landbruk 30.05.2024
Landbruket og staten øker ambisjonene for bruken av metanhemmere i fôret.
Norsk Landbruk 30.05.2024
Forventer at mange heller vil avvikle drifta, melder Agri Analyse om kostbare velferdstiltak i sauenæringa.
Norsk Landbruk 30.05.2024
Internasjonal satsing muliggjør forskning og utvikling av mer effektiv norsk svinegenetikk.
Norsk Landbruk 30.05.2024
Gode NRF-gener gir topp grunnlag for Roxana Stangebye. Holdbare norske purker: Presterer godt i Danmark Smittevern på gården: Like selvfølgelig som el-sikkerhet
Norsk Landbruk 30.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt