Norsk Skogbruk
28.09.2018
Veit vi i grunnen ikkje kva vi gjer når vi plantar skog. Bør det innførast forbod mot planting inntil vi veit meir?
Å plante skog her i landet dreiar seg i all hovudsak om å plante gran. Gran er eit treslag med fire innvandringsvegar her i landet. Den sørlege innvandringa kom frå Aust-Europa over Godtland og til Austlandet. Det er kring 2000 år sidan. Vestover er ho komen så langt som til Vest-Agder og til Voss i Hordaland. På Voss kom ho så tidleg som for 1000 år sidan. Det finst også spreidde krullar av naturleg gran i Sogn.
Til Midt-Noreg og Nordland sør for Saltfjellet kom grana for kring 1200 år sidan og ho har gått ganske sakte vestover. Den naturlege vandringa vestover er komen til Hemne i Sør Trøndelag og til Rindal i Møre og Romsdal. Denne grana har kome austafrå over Finland og det nordlege Sverige.
I denne populasjonen finst det også genar frå ei tidlegare innvandring. Vi veit ikkje mykje om denne, men det er konkludert med at denne tidlege grana har overvintra istida på nunatakker i Vesterålen.
Gå til medietTil Midt-Noreg og Nordland sør for Saltfjellet kom grana for kring 1200 år sidan og ho har gått ganske sakte vestover. Den naturlege vandringa vestover er komen til Hemne i Sør Trøndelag og til Rindal i Møre og Romsdal. Denne grana har kome austafrå over Finland og det nordlege Sverige.
I denne populasjonen finst det også genar frå ei tidlegare innvandring. Vi veit ikkje mykje om denne, men det er konkludert med at denne tidlege grana har overvintra istida på nunatakker i Vesterålen.