AddToAny

Uvisst om vitskaplege høgskular

- Veit regjeringa eigentleg kva dei vil med dei vitskaplege høgskulane, spør rektor ved Noregs idrettshøgskule, Kari Bø. Kjerstin Gjengedal - Nye krav til akkreditering aukar ikkje nødvendigvis kvaliteten, seier Kari Bø. (Foto: Andreas B.
Johansen) Bø tok opp statusen for dei vitskaplege høgskulane i eit blogginnlegg sist veke. Ho peikar på at ein vitskapleg høgskule tradisjonelt har vore kjenneteikna av at dei er sidestilte med universiteta i form av krav til forskingstid og fagleg kvalitet, men innanfor fagområde som vanlegvis ikkje blir dekt av universiteta. Med strukturendringane som no skjer i sektoren, fryktar ho at føremålet med dei vitskaplege høgskulane blir meir uklart. Dersom ein ikkje stiller dei same kvalitetskrava som før, men let institusjonar få status som vitskapleg høgskule utan å oppfylle krava til forskingstid, til dømes, så forsvinn poenget med dei vitskaplege høgskulane, seier ho. Nye vegar til akkreditering Bø siktar til fleire brot med dei tradisjonelle krava til akkreditering som vitskapeleg høgskule dei siste åra. Frå 2010 vart Høgskulen i Molde akkreditert som vitskapleg høgskule, men berre på fagområdet logistikk, altså berre ein del av verksemda høgskulen driv. Frå første januar i år oppnådde dei kristne høgskulane Diakonhjemmet høgskole, Haraldsplass Diakonale Høgskole og Høgskolen Betanien status som vitskapeleg høgskule ved å fusjonere med Misjonshøgskulen, som allereie var akkreditert som vitskapleg høgskule, til den nye institusjonen VID vitskapelege høgskule. Dette opnar for merkelege vegar til ny status for institusjonane, som ikkje nødvendigvis aukar kvaliteten deira. Det er spesielt i og med at regjeringa har vore så tydeleg på at føremålet med strukturendringane skal vere kvalitetsheving, seier Bø. Poenget fell bort I sitt høyringssvar til dei nye kriteria for akkreditering av institusjonar, skriv Idrettshøgskulen at den faglege spesialiseringa innanfor eitt fagområde har vore bakgrunnen for opprettinga av dei vitskaplege høgskulane. Dersom ein no går over til å tillate at statlege høgskular med fleire fagområde og utan krav til 50 prosent forskingstid kan bli akkrediterte som vitskaplege høgskular, fell poenget med dei vitskaplege høgskulane bort. Det er også uheldig dersom status som vitskapleg høgskule blir brukt som eit steg på vegen mot universitetsstatus, sidan dei vitskaplege høgskulane i prinsippet skal vere likestilte med universiteta. Landskapet er veldig flytande akkurat no. Det får meg til å stille spørsmål ved om Kunskapsdepartementet har klart for seg kva dei vil med dei vitskaplege høgskulane, seier Bø.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Hvordan kan tenkning, kreativitet og kunnskapsarbeid formes og berikes i samspill med KI? Vi ønsker en bredere samtale om bruk og kontroll av KI i universitets- og høyskolesektoren.
Forskerforum 28.05.2026
Ien seng, i et hus, i en etterkrigstid ligger en ett år gammel jente med hoftegips. Her skal hun ligge mer eller mindre konstant i fire og et halvt år, alene, uten familien i nærheten.
Forskerforum 28.05.2026
Akademisk fridom har vore under aukande press internasjonalt over lengre tid, og særleg med utviklinga i USA under Trump-regimet har debatten om
Forskerforum 28.05.2026
Hvordan kan du få høyere lønn utenom de årlige lønnsforhandlingene? Det finnes muligheter:
Forskerforum 28.05.2026
Forskerforum 28.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt