- Det er alltid hyggeleg når UiO gjer det bra på rangeringar, men me må alltid ta atterhald om metodeavgrensingar. UiO har hatt både 1. og 2. plassen på denne rangeringa dei siste åra og det viser at me klarer oss godt i samanlikninga med andre universitet i Norden, synest Svein Stølen.
Københavns Universitet best i Norden
I Norden er det altså Købehavns Universitet som gjer det best, men på verdsrangeringa held det berre til 79.-plassen. Der kjem altså Universitetet i Helsinki på 83.-plass medan Universitetet i Oslo inntar 84.-plassen. UiO går dermed opp 12 plassar på verdsrangeringa samanlikna med målinga frå juli i fjor.
Svein Stølen skryt også av nettsidene til UiO.
- Uavhengig av desse rangeringane veit me at UiO har gode nettsider og at det i det daglege vert jobba svært godt med utviklinga av