Fjell og Vidde
19.04.2017
Fleire unge er på tur enn før, mens færre er med i idrettslag. Idealisme og ønskje om å styre seg sjølve er viktige forklaringar, meiner forskarar.
På ti år har medlemsmassen i DNT ung blitt nesten dobla. I tillegg viser landsdekkande undersøkingar at friluftsliv er meir populært enn før blant alle nordmenn, og spesielt blant unge har interessa vakse raskt.
- Det er openbart at friluftsliv trekkjer til seg ungdom, dei bruker det som ein arena for fysisk aktivitet, seier professor Kolbjørn Rafoss ved Idrettshøgskolen ved Norges Arktiske Universitetet i Tromsø.
Ifølgje undersøkinga Norsk Monitor er det liten tvil: Unge mellom 15 og 20 år var meir ute i 2013 enn i år 2000. Det tradisjonelle friluftslivet aukar mest. I 2013 gjekk 10 prosent fleire skiturar, åtte prosent fleire gjekk fotturar på fjellet og heile 18 prosent fleire gjekk fotturar i skog og mark minst ein gong i månaden.
I denne perioden har også delen unge som bruker treningssenter gått opp, medan færre unge enn før er med i idrettslag.
UNGDOM ORGANISERER SJØLV
Rafoss meiner vi ser ein trend i retning av meir individualisering, og at denne kjem til syne også i fritidsaktivitetane.
- Ungdommar må ta vala sine sjølv i dag, og dei organiserer seg sjølve. Det gjev naturen ei mulegheit til, seier han.
Thomas Vold, førsteamanuensis ved Norges Idrettshøgskole i Oslo, peikar på at mange opplever ein barndom som i stor grad er organisert av vaksne, både på skulen og i fritida.
- Kanskje fungerer friluftsliv som eit alternativ, foreslår han.
- Friluftsliv kan ungdom lett organi sere sjølve, og kanskje har dei behov for slike arenaer der dei sjølve kan få ansvar.
I den organiserte idretten ser ein derimot ei sterkare vekt på prestasjon og konkurranse, påpeikar forskarane. Dei beste hentast ut i stadig yngre alder.
- Skiidretten har lenge henta ut unge heilt ned i 12-13-årsalderen. No ser vi det same skje i fotballen. Mange av dei som ikkje blir valde ut, finn seg då noko anna å gjere, trur Rafoss.
Han får støtte frå Thomas Vold: - Idretten er relativt konkurransefokusert. Når ein kjem i ungdomsåra og ser at sjansen for å bli tatt ut til landslaget i fotball er mikroskopisk, mistar kanskje mange motivasjonen og søkjer andre alternativ, som treningssenter og friluftsliv.
IDEALISME OG TRADISJONAR
I rapporten «Fysisk aktivitet; omfang, tilrettelegging og sosial ulikhet» frå 2017 skriv Kolbjørn Rafoss og professor Gunnar Breivik at nordmenns hovudmotivasjon for å søkje ut, er livskvalitet og helse. Dette gjeld både unge og vaksne. Naturen gir fysisk og mentalt overskot, han kan førebyggje helseplagar, gi avkopling og byggje
Gå til mediet- Det er openbart at friluftsliv trekkjer til seg ungdom, dei bruker det som ein arena for fysisk aktivitet, seier professor Kolbjørn Rafoss ved Idrettshøgskolen ved Norges Arktiske Universitetet i Tromsø.