Norsk Landbruk
26.03.2026
Fruktbygdene og fjella ligg tett på begge sider av Sørfjorden, frå Utne og sørover til Odda.
Dei høgste fjelltoppane går opp til over 1500 meter over havet. Ekteparet driv gard på Jåstad, på vestsida av fjorden, og her dyrkar dei frukt frå 10 til 400 moh.
Therese (34) og mannen, Gunnar Lofthus (38), tok over garden Bortetun etter foreldra hennar i 2024. Dei har rundt 8 000 epletre og 2 000 plommetre.
Det var dette me ville, men me har mykje å læra. Heldigvis har me far med i arbeidet vidare.
Han er god å ha, for det er mange spørsmål som dukkar opp, særleg med omsyn til plantevern, seier Therese.
Ho er ei av seks unge kvinner som anten har teke over, eller er i ferd med å ta over gard, i nærområdet her, mellom Grimo og Velure Det er inspirerande at me er fleire som gjer dette. Me har støtte i kvarandre, seier den unge fruktbonden.
80 TONN MED EPLE
Garden har vore i familien sidan 1742, men drifta her går tilbake til 1600-talet.
Garden er eit imponerande syn med plantingar, terrassar, bekkar og vegar frå fjorden og høgt oppover liene. Mykje av terrenget har helling over 1:3, altså areal brattare enn 33 prosent, og det er eit krevjande landskap å dyrka frukt i.
Sauedrifta på garden vart avslutta i 2021, og dei siste 810 åra har faren prioritert ei satsing på eple og plomme. Dei driv vel 40 dekar, og morellar og pærer er det slutt med.
Raud aroma, gravenstein, discovery og summerred er dei dominerande sortane, og i fjor produserte dei rundt 80 tonn med eple og 2,5 tonn med plommer, av sortane opal og mallard.
Det var eit godt epleår, med mykje fine eple. Særleg gjeld det Aroma og me leverte rundt 37 tonn klasse 1 til fruktlageret. Me har og planta ut ein del av den nye Bama-sorten eden, men her er glasing, altså glasaktige flekkar i fruktkjøtet, blitt eit stort problem. Det er usikkert kva som skjer med denne sorten vidare, seier Therese.
All frukta blir henta av Hardanger Fjordfrukt SA på Utne. Therese og Gunnar køyrer frukta ned til vegen, og lageret ligg ca. 8 kilometer frå garden.
NATURLEG Å FLYTTA HEIM
Det var naturleg for Ther
Gå til medietTherese (34) og mannen, Gunnar Lofthus (38), tok over garden Bortetun etter foreldra hennar i 2024. Dei har rundt 8 000 epletre og 2 000 plommetre.