Forskerforum
27.11.2023
Ei ny bok på norsk om den industrielle revolusjonen komplimenterer ei tidlegare bok om same tema.
F or om lag eit år sidan melde eg professor emerita Kristine Brulands bok Den industrielle revolusjon. No kjem ei bok med nesten lik tittel, skriven av Arnljot Løseth - også han professor emeritus i historie, ved Høgskulen i Volda. Båe forfattarane går grundig til verks, og for eit norsk publikum er det berre å glede seg over at det er plass til to så gode bøker om same tematikk. Sjølv om oppdraget mitt som meldar først og fremst bør vere å seie noko om Løseths bok, nyttar eg høvet her til å skrive noko meir overordna om korleis dei to bøkene berikar kvarandre ypparleg.
Boka til Bruland gav eg gode skotsmål, mykje fordi ho gir ei ny framstilling av sakskomplekset og eksplisitt går i rette med «det tradisjonelle synet som ser Storbritannia som det industrielle lederlandet som ved egen hjelp og på kort tid revolusjonerte seg selv, gjennom bruk av dampmaskiner og tekstilfabrikker, og som så andre land etterlignet». Berande i f
Gå til medietBoka til Bruland gav eg gode skotsmål, mykje fordi ho gir ei ny framstilling av sakskomplekset og eksplisitt går i rette med «det tradisjonelle synet som ser Storbritannia som det industrielle lederlandet som ved egen hjelp og på kort tid revolusjonerte seg selv, gjennom bruk av dampmaskiner og tekstilfabrikker, og som så andre land etterlignet». Berande i f


































































































