AddToAny

- Uhøyrd forskjellsbehandling ved NTNU

- Uhøyrd forskjellsbehandling ved NTNU
Ved same instituttet ved NTNU har dei tilsette svært ulik tid til forsking. - Dårleg personalpolitikk, seier klubbleiar. Johanne Landsverk Det er uhøyrd at kollegaer ved same institutt har heilt ulike arbeidsvilkår.
Dette er ei forskjellsbehandling som må ta slutt, seier Knut Ole Lysø, klubbleiar ved NTNU og tidlegare hovudtillitsvald ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST).

Lysø uttalte før fusjonen med NTNU at han frykta eit A-lag og eit og B-lag innanfor same institutt. Og kanskje har han fått rett.

Stor misnøye

For medan vitskapleg tilsette ved tidlegare HiST berre har 10 prosent tid til forsking og utviklingsarbeid (FoU), har andre ved gamle NTNU 50 prosent.

For nytilsette førsteamanuensar ved NTNU gjeld regelen om 50 prosent tid til forsking og 50 prosent til undervisning. Då blir det svært urettferdig at tilsette ved same institutt, og som tidlegare var tilsett ved høgskulen, berre har 10 prosent FoU-tid i botnen. Dei kan søkje om meir, og nokre vil kanskje då oppnå 25 eller 30 prosent. Det er stor misnøye ved fleire av fakulteta på grunn av dette, og nokre av dei som har vore fast tilsette sidan før fusjonen, søker no på nyutlyste stillingar, der hovudregelen 50-50, seier Lysø.

Han seier opphavet til uføret stammar frå det aller første møtet mellom fusjonspartane i 2015.

Då sa fleire av høgskulerektorane at dei ikkje ville forlange lik forskingstid om dei vart fusjonert. Høgskulane skulle ta med seg den FoU-en dei hadde. Men etter at fusjonen no er i hamn, må leiinga få orda opp i dette, elles risikerer vi å få gamle og nye NTNU-arar. Det er dårleg personalpolitikk å bagatellisere ei slik skeivfordeling, seier Lysø.

Vil ha fleksibel ordning

Han får støtte av Kristian Steinnes, som er leiar i lokallaget til Forskerforbundet ved NTNU.

Dette var den første saka Forskerforbundet tok opp etter at fusjonssaka kom på bordet. Vi visste at dette ville bli problematisk, seier han.

Saman med lokallagsleiaren i Tekna er Steinnes tilsetterepresentant i eit nytt utval, som skal sjå på framtidige karrierevegar ved NTNU og korleis ein kan løyse problemet med svært ulike ordningar for FoU.

Vi kan ikkje halde fram med å ha så ulike ordningar blant dei tilsette. Men dette er ein svært krevjande situasjon. Om alle ved dei tidlegare høgskulane skulle få den same forskingstida som tilsette ved gamle NTNU, kostar det pengar. Leiinga meiner vi bør ha ei meir fleksibel ordning, at nokre tilsette kan forske meir og undervise mindre, medan andre underviser meir og forskar mindre.

Redde for rettane

Står fleire i fare for å miste rettane?

Ja, det er faktisk mogleg. Tid til FoU er i dag regulert i dokumentet Lokal lønnspolitikk ved NTNU, kor det står at tilsette i vitskapelege stillingar over tid skal ha tilnærma lik tid til undervisning og forsking, etter at administrasjon er trekt ifrå. Så vi er redde for å miste denne retten, medan dei innfusjonerte einingane sjølvsagt ønskjer same vilkår. NTNU må ha ein stillingsstruktur som gjer at alle kan blir handsama likt og får forske, sjølv om vi ser at nokre personar og fagmiljø i større grad har vore undervisningstunge og profesjonsretta.

Steinnes seier det ved NTNU truleg blir eitt løp for førstelektor og dosent og eitt løp for førsteamanuensis og professor, men ingenting er bestemt ennå.

Vi vil ha like og best mogleg vilkår for alle vitskapleg tilsette ved NTNU, med lik deling av tid mellom forsking og utdanning. Då må vi finne balansen mellom dei ulike løpa og korleis vi kan oppnå gode og like vilkår for alle. Ved NTNU har vi også ordning med forskingstermin, og leiinga har vedteke å utvide denne ordninga. Men når vi har fusjonert med høgskular som ikkje har denne retten, er det svært krevjande å finne ei god løysing for alle.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt