Tilgang på leigejord er ikkje den store utfordringa på Skokland, nord i Haugesund, heilt på grensa til Sveio i Hordaland. Her er det heller snakk om lånejord. Saman med kona, Kristin, overtok 40-åringen garden til besteforeldra i 2004. Det som var igjen av dyr på garden, var to sauer, men litt etter litt har flokken vakse til rundt hundre vinterfôra.
I tida som rekneskapsførar i Tveit Regnskap hadde han den profilerte limousinoppdrettaren Torleif Susort som kunde, og i møta med Susort likte han å skryte av at han også var bonde.
- Det var ikkje Torleif heilt med på. Han meinte at eg måtte ha storfe om eg ville kalle meg skikkeleg bonde, fortel han og ler.
LIKAR STORFE BETRE ENN SAUPedersen fekk sjansen sin då ein av nabobøndene ønskte å pensjonere seg. Tilbodet var å overta både fjøs og dyr, og drive med storfe i eitt år for å sjå om han likte det. Det skjedde om lag på same tida som ideen om å lage eit konsept med enkle og rimelege fjøs til ammeku, såg dagens lys.