Mens bønder andre stader i landet hadde problem med overvintringa, var utgangspunktet til Lars Henry Dagsland ganske bra før sesongen. Han tok berre to slåttar på enga i fjor, og ho var tett og fin då vinteren slapp taket.
Garden hans ligg på Liaheia i Skjold, vel to mil aust for Haugesund. Alt ligg til rette for ombygging og utviding av båsfjøsen, der det blir produsert 181 tonn mjølk i året. Han har kort veg til sine 180 dekar dyrka mark, som stort sett ligg i ei slakk helling ned mot Skjoldafjorden. I år har han leigd vekk 15 dekar til ein potetprodusent, mens 20 dekar blei pløgd opp og sådd med gras i slutten av mai.
SILO OG RUNDBALLARDagsland har to tårnsiloar som han framleis brukar. Når han legg i tårnsiloane, brukar han fôrhaustar og avlessarvogn. Resten av avlinga blir pakka i rundballar. Dagsland leiger entreprenør til å slå graset, men har singelpresse og pakkemaskin sjølv.
Det milde klimaet og jamt høg overvintring på graset, gjer at det ikkje er kvart år det er behov for reparasjonssåing. Det var det heller ikkje behov for i år.
- Me valde ut ein teig med andreårseng som me meinte skulle gi god avling. Overvintringa var ganske god, men i ettertid har det vist seg at det kanskje har