Bondebladet
16.06.2016
Parsellhagar er ikkje lenger knytt til urbant storbyliv. Til og med midt på bondelandet, i Klepp på Jæren, har folk behov for å grave i jorda. «Det er sosialt, her treffest folk på kveldstid og i helgane»
Det spirer og gror friskt frå tradisjonelle kålplanter via fargerike blomar og meir eksklusive vokstrar, som linser og mais, frå 26 av i alt 32 parsellar i Klepp.
- Parsellhagen har vore i drift eit par veker, no er det berre seks parsellar att å leiga ut, dette er i overkant av det me hadde venta, smiler ein av initiativtakarane, Olav Eggebø, frå Høgskulen Landbruk og Bygdeutvikling (HLB), som saman med Nibio Særheim og Klepp kommune står bak tiltaket.


































































































