AddToAny

Ti råd for å gi høgsensitive barn ein betre kvardag

Ti råd for å gi høgsensitive barn ein betre kvardag
Eg har skrive denne kronikken med ynskje om å gi komprimert, brukarvenleg kunnskap om høgsensitive barn sine utfordringar og behov i skule og barnehage.
Dei siste åra har stadig fleire nordmenn tatt til seg kunnskap om det å vere høgsensitiv. Mange har delt artiklar om temaet på sosiale medium, og det har kome fleire gode fagbøker. Dette er svært positivt. Likevel er det framleis svært mange som jobbar med barn og unge som ikkje kan nok om dette personlegdomstrekket til å vareta desse barna godt nok.

Som vaksen kan ein forme kvardagen sin slik at ein kan vareta eigne behov som høgsensitiv. Barn får ikkje velje sjølv kva barnehage eller skule dei skal gå i. Dei er 100 prosent prisgitt dei rammevilkåra dei vert plasserte i. Dess viktigare er det at vaksne som jobbar på desse arenaene, veit nok om korleis det er å vere høgsensitiv. Først då kan ein vere merksam på behova og leggje til rette. Eg har skrive denne kronikken med ynskje om å gi komprimert, brukarvenleg kunnskap om høgsensitive barn sine utfordringar og behov i skule og barnehage. Fagkunnskapen kronikken er bygd på, har eg frå bøkene til Aron (2014), Sonne/Dalskov (2015) og Haukedal (2014), informasjon frå foreininga for høgsensitive (sensitiv.no) og ulike artiklar. Av erfaringsgrunnlag er eg sjølv høgsensitiv og er mor til høgsensitive ungdomar. Som miljøterapeut i Grunnskuleteamet i Ålesund kommune har eg også jobba mykje med høgsensitive barn i skule. Eg har hanskast med utfordringar med å vere høgsensitiv heile livet, men kunnskapen om at dette er eit personlegdomstrekk som har eit namn, fekk eg diverre så seint som i 2014. Eg kunne vore mykje frustrasjon, uro og grubling forutan om eg hadde fått denne logiske og naturlege forklaringa mykje før! Difor ynskjer eg å vere med på å få denne kunnskapen ut til så mange som mogleg no. Der er om lag fire høgsensitive barn i kvar klasse, truleg er vi om lag 1 million høgsensitive nordmenn. Det er på høg tid vi blir klar over kva det betyr og kva som er lurt å gjere.



Først ei svært kort forklaring - Å vere høgsensitiv er eit medfødd personlegdomstrekk. Det er ikkje ein sjukdom eller ein diagnose, heller ikkje noko ein kan bli eller noko som kan gå over. Det er som å vere venstrehendt eller musikalsk, anten er du det eller ikkje.

● 15-20 prosent av alle menneske er høgsensitive. Kjønnsfordelinga er lik, og ein kan vere både introvert og ekstrovert som høgsensitiv. Med ein så stor prosent seier det seg sjølv at høgsensitive er like ulike som alle andre menneske. Alt som står skrive om høgsensitive, stemmer ikkje for alle.

● Som høgsensitiv tek ein inn mykje meir stimuli/sanseinntrykk enn normalt sensitive. I tillegg vert inntrykka arbeida djupare med. Dette har vore forska på sidan 1991 på ulike måtar, og er mogleg å sjå på bilde av hjernar til menneske kopla til EEG og MRI.

● Fordi ein tek inn så mange inntrykk, kan høgsensitive ofte oppleve å bli overstimulert. Då treng ein moglegheit til å roe ned nervesystemet. Dersom ein ikkje tek ei pause, kan stimuleringa føre til kraftige emosjonelle reaksjonar, og ein vil kunne vegre seg for å delta i liknande situasjonar seinare.

● Ein kan vere høgsensitiv i ulik grad innan fem område: fysisk, sosialt, personleg, ideologisk og åndeleg.

Her kjem ti gode råd for å gi høgsensitive barn og unge ein betre kvardag. Dette er kortversjonen, lær gjerne meir!



1) Tru på og anerkjenn barnet si oppleving av st
Gå til mediet

Flere saker fra Utdanning

12. juni ønsker vi velkommen til et kurs der du som barnehagelærer kan få tips og triks til hvordan og hvorfor arbeide med lek gjennom prosjektarbeid.
Utdanning 10.05.2024
Delstaten Tennessee har vedtatt en omstridt lov. Nå kan lærere bære våpen på jobb.
Utdanning 10.05.2024
Utdanning 10.05.2024
5. juni inviterer vi til kurs om hvordan bygge gode relasjoner i barnehagen.
Utdanning 10.05.2024
Eg blei forundra då det i Utdanningsnytt blei presentert ein podkast som skal hjelpa lærarane til å bruka dei «rette» pronomena om kjønn. Eksempla er ho, han, hen, dei og xe.
Utdanning 10.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt