Arkitektnytt
26.05.2021
Stygge fasadar skapar dårlege byrom. Det er eit demokratisk problem arkitektane må ta innover seg, meiner Hanna Maria van Zijp.
Det store arkitekturopprøret er i gang. Dei meiner at folk flest vil ha finare fasadar enn dagens ræl. På andre sida står lite imponerte arkitektar som er leie av å snakka om stygt og fint. Men dette handlar ikkje berre om estetiske overgrep. Sentralt i Arkitekturopprøret står byrommet, allemannsretten og sjølve demokratiet vårt.
I kronikken «Arkitekturopprøret mangler et helhetlig blikk på det offentlige rom» i Aftenposten peikte landskapsarkitekt Max Gitenstein på ein kardinalfeil i den brennheite arkitekturdebatten: Den fokuserer berre på bygningsarkitektur «som objekter uten kontekst». Gitenstein meiner at byrommet må vera eit lokalt drive fellesprosjekt.
Dette er årets beste poeng. Byrommet er nemleg mykje meir brukt enn sjølve bygga - og derfor speler fasaden ei viktig rolle. Desse ytterveggene er byrommet sine innervegger. Når arkitekturopprørarane hatar fasadar, står dei i si eiga urbane stove og lurer på kvifor den ser ut som ei middelmådig kantine. Det har dei
Gå til medietI kronikken «Arkitekturopprøret mangler et helhetlig blikk på det offentlige rom» i Aftenposten peikte landskapsarkitekt Max Gitenstein på ein kardinalfeil i den brennheite arkitekturdebatten: Den fokuserer berre på bygningsarkitektur «som objekter uten kontekst». Gitenstein meiner at byrommet må vera eit lokalt drive fellesprosjekt.