Det store Arkitekturopprøret er i gang. Dei meiner at folk flest vil ha finare fasadar enn dagens ræl. På andre sida står lite imponerte arkitektar som er leie av å snakka om stygt og fint. Men dette handlar ikkje berre om estetiske overgrep. Sentralt i Arkitekturopprøret står byrommet, allemannsretten og sjølve demokratiet vårt.
I kronikken «Arkitekturopprøret mangler et helhetlig blikk på det offentlige rom» i Aftenposten peikte landskapsarkitekt Max Gitenstein på ein kardinalfeil i den brennheite arkitekturdebatten: Den fokuserer berre på bygningsarkitektur «som objekter uten kontekst». Gitenstein meiner at byrommet må vera eit lokalt drive fellesprosjekt.
Dette er årets beste poeng. Byrommet er nemleg mykje meir brukt enn sjølve bygga - og derfor speler fasaden ei viktig rolle. Desse ytterveggene er byrommet sine innervegger. Når arkitekturopprørarane hatar fasadar, står d


































































































