Norsk Landbruk
14.12.2016
- Noko av det viktigaste eg gjer, meiner Kristian Skrettingland. Holstein-buskapen til Kristian Skrettingland leverer per dags dato 11 300 kilo energikorrigert mjølk i året. Avdråtten aukar framleis, månad for månad.
Det er mange årsaker til at dei rundt 50 mjølkekyrne på Varhaug greier å levere 600 tonn mjølk i året. Ei av dei er systematisk klauvskjering. 36-åringen skjer klauvene på tre til fem kyr sjølv kvar måndag. Første gong på 35 til 42 dagar etter kalving, deretter på 135 til 142 dagar etter kalving og ringen blir slutta med klauvskjering to til tre veker før avsining.
Les merKLAUVSKJERING PÅ GUNSTIG TIDSPUNKT
- Poenget med intervalla er dei er på gunstige tidspunkt for kua. Med det første intervallet har kua kalva og er i ferd med å komme i positiv energibalanse. Kua er ennå så tidleg i laktasjonen at den ikkje er inseminert, så klauvskjeringa gir ingen stor påkjenning for kroppen. I det andre intervallet, mellom 135-142 dagar skal kua ha vore drektig ein månads tid. Då er kua på toppen i yting og klar for å cruise inn mot avsining. Heller ikkje då forstyrrar klauvskjeringa.


































































































