Bondebladet
15.09.2016
Det jaktlaget som eg høyrer til, er i 2016 pålagd å skyte 13 småkalvar av ein kvote på om lag 30 dyr. I heile kommunen skal det skytast 264 kalvar av 786 dyr. På landsbasis er det tale om tusenvis av vakre og vevre små skapningar som skal drepast.
Det er direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, og miljøminister Vidar Helgesen som sit med toppansvaret for dette. Dei er neppe klar over at dei samstundes svekker kvaliteten på korpset som driv med forsvarleg hjortejakt. Kva slag menneske er det som har glede av å skyte nyfødde skapningar frå mora?
Gå til medietKalveskytinga er forkasteleg av fleire grunnar:
1. Kalvejakta er for mange jegerar ei psykisk belastning. Det er berre trist å skyte ein få månader gammal hjortekalv som fredeleg og tillitsfull kjem gåande saman med mor si. Du får ikkje kjensle av at dette er ein stor sportsleg prestasjon når barnet ligg blodig og sund-skote att i lyngen medan mora - fortvila og i vill panikk, rømmer over stokk og stein inn i ville skogen. Dette er ei så negativ oppleving at mange r


































































































