AddToAny

Stenger for ph.d.-søknader frå musea

Stenger for ph.d.-søknader frå musea
Pågangen frå museum som søkjer offentleg sektor-ph.d. er no så stor at Forskingsrådet ikkje tek imot fleire søknader.
Johanne Landsverk - Ved Anno museum ønskjer vi fleire tilsette med doktorgrad, seier administrerande direktør Harald Jacobsen. (Foto: Anno museum) Musea har vist stor interesse for ordninga med offentleg sektor-ph.d. og til slutt måtte vi gå ut og informere om at 15. april stenger vi førebels døra for musea. Vi må passe på at det blir ei viss breidd i tildelinga av midlar, seier Janike Harsheim, spesialrådgjevar i Forskingsrådet. Ho fortel at det i utlysingsteksten vart informert om at Forskingsrådet kanskje måtte ta ei viss styring, for å spreie midlane på ulike sektorar. Mange museum har søkt om spennande prosjekt, men musea er ikkje den primære målgruppa, seier ho. Lite midlar å søkje på Ordninga med offentleg sektor-ph.d. vart innført i 2014, og rettar seg mot heile den offentlege sektoren, ikkje minst dei store tenesteområda i statleg og kommunal sektor. Gjennom denne ordninga kan statlege og kommunale verksemder søkje støtte frå Forskingsrådet for at ein tilsett skal kunne gjennomføre ein doktorgrad som er relevant for verksemda. Harsheim fortel at det ved førre utlysing i 2014 var få museum som fekk midlar. I denne runden har mange museum teke kontakt, og vi har fått inn ein god del søknader. Store museum som er godkjende forskingsinstitusjonar kan ikkje søkje, men ordninga kan vere aktuell for mange mindre museum. Også dei skal drive med forsking, og det finst svært lite forskingsmidlar dei kan søkje på. Fortløpande handsaming Utlysinga har lege ute på Forskingsrådet sine nettsider sidan 27. januar. Vi tek imot og handsamar søknader etter kvart som dei kjem inn. Nokre av søkjarane har alt fått svar, medan andre søknader framleis er til handsaming. I utgangspunktet har vi eit budsjett på 25 prosjekt totalt for 2016. Harsheim seier kvart doktorgradsprosjekt i gjennomsnitt får 1,5 1,6 millionar kroner. Musea må sjølve dekke minst 50 prosent av totalkostnadene. Ønskjer fleire doktorgradar Eitt av musea som no har fått klarsignal om støtte til offentleg sektor-ph.d. er Anno museum i Hedmark. Administrerande direktør Harald Jacobsen er nøgd med tildelinga: Ved Anno museum har vi bestemt oss for å satse på forsking, og vi ønskjer å styrke det akademiske nivået gjennom fleire doktorgradar. Med denne støtta frå Forskingsrådet kan vi gjere klart for den tredje doktorgradsstipendiaten ved museet på kort tid, seier Jacobsen. Anno museum er eit aksjeselskap, og Hedmark fylkeskommune er største aksjonæren. Eg veldig glad for at Forskingsrådet endeleg begynner å løyve forskingsmidlar også til ordinære museum under Kulturdepartementet, ikkje berre til universitetsmusea, seier Jacobsen. Han fortel at ph.d.-prosjektet som har fått støtte er knytt til migrasjon og innvandring og til ei stor utstilling om innvandring som er under planlegging ved museet.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt