AddToAny

STEMMA FRÅ SENJA

STEMMA FRÅ SENJA
Han vaks opp to hundre meter frå fjøra og sytti meter frå fjellet, og må alltid ut og sjå seg om når han speler i ei ny bygd. Musikeren Pål Moddi Knutsen er i naturen nesten kvar helg, men lar seg ikke inspirere der ute.
Mange trur at artistlivet er å stå på scene og ha det kult. Men det er mange timar i bil, og mange dagar framfor PC-en. Eg kjenner meg alltid litt innestengd.

Pål Moddi Knutsen (29) sit på berga ved Frysjadammen i Oslo. Håret står til alle kantar, som vanleg. Ullgenseren er på, som vanleg. Og sykkelen står parkert like der borte, som vanleg. Noregs mestturnerande artist kan lett framstå som ein syklande raddis, som vil det beste for verda og det verste for kapitalismen.

Men han er meir enn det. Med ei lågmælt stemme og vakre melodiar har han sunge seg inn i hjarta til eit internasjonalt publikum. I 2013 fekk han Spellemannsprisen i kategorien visesong. Og i haust lanserte han si tredje plate, der han set si eiga form på tolv forbodne songar, nokre av songane er menneske blitt drepne for.



ER UTE SÅ OFTE HAN KAN

Det er første gongen Moddi har bevega seg over i det forbodne. Dei tidlegare platene hans har handla om heilt andre ting. Ein av låtane han er mest kjend for, er «House by the Sea», som han skreiv sjølv, to dagar før han skulle flytte frå studentmiljøet i Bø i Telemark i 2012. Det kunne jo vere hans eigen barndomsheim han sikta til. For ytst i havgapet på Senja vaks han opp, med to søsken, ei mamma, ein pappa, ein båt og mange fjell.

Han var alltid i gang med noko, som regel utandørs. Han gjekk i skogen, på fjellet, var i fjøra eller i båt, fiska ørret i innlandsvatna og dyrka mat utanfor huset. Familien hadde potetjord og ein liten jordbærflekk.

- Eg saknar det litt. Som artist er du tvungen til å vere midt i hjartet av ein by nesten kvar dag. Men eg er ute alt eg kan. Kvar helg prøver eg å kome meg ut i skogen. Eg blir sjuk viss eg ikkje gjer det. Ulykkeleg.

Når han er på reise, som han er 150 dagar i året, er han sjeldan interessert i storbyane han besøker. Er han derimot på landet, må han og bandet ut og sjå seg om. Dei er heilt samstemte.

- Då vi var på Vega i fjor sommar, måtte vi på toppen av fjellet. Og då vi var i Molde, måtte vi til topps i Romsdalsalpane. Eg trur at unge artistar i dag tar meir vare på seg sjølv enn for tjue år sidan. Den gongen var det sytten kasser sprit og alle var fulle kvar kveld. No er artistar ganske vakne og oppegåande. Og vi bryr oss litt meir om omverda.



EIN SOM BRYR SEG

Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Mestring og lek står i sentrum når Barnas Turlag Stadlandet arrangerer surfekurs.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Fyrstene av Finntjern - Lars Elling ? Bok
Fjell og Vidde 14.06.2024
Innimellom kan jeg få følelsen av å befinne meg ombord på Titanic. Alle har innsett at noe alvorlig er i ferd med å skje. Samtidig fortsetter musikken på full guffe.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Sota Sæter DNT ligger i Breheimen og har de siste årene blitt kjent for sin satsing på mat og en FjellPride-feiring det går gjetord om. Ved Liavatnet i Skjåk ligger de 10 bygningene som utgjør den over 100 år gamle setra. Her tryller vertskapet frem de lekreste retter.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Min søster bor på en øy i et krokete sund ved havet.
Fjell og Vidde 14.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt