Bondebladet
02.03.2017
Sist veke kom Michelinguiden med si mykje omtala stjernekåring av restaurantar i Norden. Maaemo i Oslo var den fyrste norske restauranten som fekk tre av tre moglege stjerner i den berømte guiden i 2016. Dei klarte å halde på dei tre stjernene i 2017.
Etter guiden si vurdering kan ein altså ete på ein av dei beste restaurantane i verda - i Oslo. I alt fem restaurantar i Norge er med i guiden i 2017.
Bocuse d`Or er ei stor kåring mellom dei beste kokkane i verda. Norge har sidan 1991 sikra seg heile sju gull, tre sølv og to bronse totalt i


































































































