Første steg
30.09.2022
Her er fem gode grunnar til å gjennomføre samlingsstunda i barnehagen.
Det blir stadig diskutert om samlingsstund har ein rettmessig plass i barnehagens dagsprogram. For det første blir det hevda at slike aktivitetar bør unngåast fordi dei tek tid bort frå barna sin leik (Balci, 2016). Slike påstandar kan verke rimelege med tanke på den nordiske barnehagetradisjonen som legg stor vekt på å sjå leik, omsorg og læring i samanheng. Det som blir kalla det heilskaplege læringssynet. For det andre blir det framheva at ein del barn synest samlingsstund er kjedeleg, dei må sitte stille, og innhaldet er lite interessant (Bratterud, Sandseter og Seland, 2012). Til saman gir dette eit inntrykk av at samlingsstund er gått ut på dato. Men viss vi stoppar opp litt: Kva forskingsgrunnlag har vi for å ta bort samlingsstund i barnehagen, og kan det vere slik at det er mange følelsar og lite fakta som er ute og går?
BAKGRUNN
Samlingsstund er den eldste og mest tradisjonsrike aktiviteten i barnehagen. Då Frøbel grunnla den første barnehagen i Tyskland rundt 1840, utvikla det seg ein tradisjon for å ein gong om dagen sette seg i ring for å synge, samtale og lese i lag. Denne tradisjonen vart ført vidare i takt med at frøbelsk pedagogikk vart eksportert internasjonalt. I ein slik prosess blir pedagogikken delvis omdanna og transformert inn i nye kulturelle kontekstar. Men samlingsstund har blitt med på lasset og overlevd transformasjonen slik at ho består den dag i dag. Hovudinntrykket er at samlingsstunda som aktivitet er forankra i barnehagepraksis over heile landet, og at dette er ein aktivitet som gjeld alle barna i barnehagen, uavhengig av alder.
LITE FORSKING, MEN MANGE MEININGAR
Med tanke på den sentrale rolla samlingsstund har i barnehagen, også i skulen, skulle ein forvente omfattande forsking på aktiviteten, men dette ser ikkje ut til å vere tilfellet (Bjørnestad, 2009; Håberg, 2019a). I forsking kjem kunnskap om samlingsstunda fram indirekte ved at aktiviteten er kontekst eller ei slags kulisse for andre tematikkar. Som døme blir samlingsstund nytta til å undersøke temaet medverknad (Eide, Os og Samuelsson, 2012), trivsel (Bratterud et al., 2012) og samspelmønster mellom barnehagelærar og barn (Bae, 2009).
I mitt doktorgradsarbeid nytta eg samlingsstund som arena for å undersøke didak
Gå til medietBAKGRUNN