Norsk Landbruk
03.10.2016
Norsk Landbruk redaksjonen@norsk landbruk.no | Kva gjer du når naboen trakkar inn i fjøsen din utan forvarsel? Gjerne med møkkete fjøsstøvlar kledd i fjøsdressen brukt under siste mjølking.
Seier du noko dersom naboen klappar og kosar med kalvane dine? Då er du unntaket, for dei fleste gjer ikkje det. Spørsmålet er kor mange som i det heile tatt tenkjer på det som eit problem at fjøsvandrarar som dyrlege, inseminør og dyrebilsjåfør går inn og ut gjennom dørene som det passar dei. Eller kollegaer og landbruksjournalistar for den saka si skuld.
Les merMen det er gjerne slik ein drar luftvegsinfeksjonsviruset BRSV eller diareviruset BCoV inn i fjøsen. Resultatet kan bli kostbart. Mjølkeproduksjonen kan halverast over natta. Kvigekalven når aldri potensialet sitt som mjølkeku, og tilveksten på kalven blir kraftig redusert. Det er ikkje småtteri. Le


































































































