I nærare ti år har 60-åringen spekulert på korleis ny teknologi kan hjelpe sauebønder å følgje med på kvar sauene er på beite, og korleis dyra har det. Dei fire-fem siste åra har han jobba systematisk saman med Nortrace, eit lite firma på Jæren som er ekspertar på sporing, for å finne ein teknologi som både er til å stole på og rimeleg nok til at han er interessant for andre sauebønder.
- Eg hadde veldig tru på satellittkommunikasjon, men la det på hylla då me ikkje klarte å få ned einingskostnadene. I mitt hovud må ein ha sporingsmodulen på alle mordyr, og då blei det for dyrt, seier Bjørn Høyland.
TINGA SITT INTERNETTMen sauebonden nekta å gi seg, og kasta seg i staden over GSM-teknologi. Heller ikkje med den teknologien greidde han å løyse dei tekniske utfordringane til ein akseptabel pris. Den tekniske løysinga kom først då han leste om Telia sitt konsept for Smart landbruk. Dei brukte NarrowBand IoT til vatning og tente på Høyland si interesse for å bruke teknologien til sporing av sauer. Resultatet heiter Shiip og spelar eigentleg meir på det engelske ordet «to ship» enn på «sheep».
- Då me kom i kontakt med Telia, byrja ballen fort å rulle. Dei har lytta til mine ønskje og utvikla ein sporingsmodul som me nå er klare til å sette i produksjon.
Teknologien bak Shiip heiter NarrowBand IoT, som teknologar skildrar som det neste teknologiske internettspranget. IoT er ei forkorting f


































































































