Utdanning
07.04.2017
Studentane ved faglærarutdanningane i formgjeving, kunst og handverk på Notodden og i Oslo har minimum tre års fagutdanning, men får ikkje jobbane. Korleis sikrar vi då handverkskunnskap for kommande generasjonar?
Faglærarutdanninga på Notodden er saman med Faglærarutdanninga i Oslo dei einaste studiestadene i landet som tilbyr ei treårig faglærarutdanning i formgjeving, kunst og handverk. Begge studiestadene tilbyr også ein mastergrad på toppen av faglærarutdanninga. Begge studiestadane har siste åra hatt stor nedgang i søkartalet. For studiestad Notodden er søkartalet så lågt at leiinga har vurdert å leggje ned studiet. No har likevel Høgskulen i Sørøst-Norge (HSN) gitt oss ein «siste sjanse» til å lyse ut studiet og skaffe nok studentar for studieåret 2017-2018.
Statens sløyd- og tegnelærerskole starta opp på Notodden i 1938. Skulen skulle gje lærarar eittårig vidareutdanning i sløyd eller teikning. I 1961 vart det oppretta ei toårig utdanning for faglærarar i tresløyd, og i 1962 kom ei line i tekstilforming og ei for metallsløyd. Etter ei stortingsmelding om lærarutdanning i 1965, vart namnet endra til Statens lærerskole i forming Notodden (SLFN). I Oslo (SLFO) og på Blaker (SLFB) vart det også oppretta formingslærarskular. I 1976 fekk SLFN oppretta eit hovudfagsstudium, i tråd med den nye lærarutdanningslova av 1973. Formingslærarskulen og Notodden offentlege lærarskule vart i 1976 slått saman til ein pedagogisk høgskule, Telemark lærerhøgskole Notodden. Skulen vart ein del av Høgskolen i Telemark (HIT) frå 1994. I 2016 fusjonerte HIT med Høgskulane i Vestfold og Buskerud, til Høgskolen i Sørøst-Norge, HSN. Målet er at HSN skal bli til Universitetet i Sør-Norge (USN).
Faglærarutdanningane på Notodden og i Oslo utdannar lærarar til breidde- og djupnekunnskap i grunnskulefaget kunst og handverk og til det studieførebuande faget kunst, design og arkitektur og til yrkesførebuande design og handverk, begge i vidaregåande skule. Med berre to utdanningsinstitusjonar i landet som gjev denne treårige faglærarutdanninga, skulle ein tru at det var ein stor arbeidsmarknad over heile landet, og at vi hadde fulle klassar. Slik er dessverre ikkje realitetane. I dei 17 år eg har jobba tett opp mot faglærarutdanninga på Notodden, har vi opplevd ei dramatisk endring i studenttal. I fleire år hadde vi studenttal på over 50, og ein periode var søkarmassen så stabilt stor at vi måtte opprette to parallelle klassar. Dette året er vi nede i 14 studentar, og fleire av desse er berre årsstudentar. Høgskulen i Oslo har naturleg nok større nedslagsfelt og fleire studentar på faglærarutdanninga, men også der er nedgangen dramatisk. Det er ei svært usikker framtid for faglæ
Gå til medietStatens sløyd- og tegnelærerskole starta opp på Notodden i 1938. Skulen skulle gje lærarar eittårig vidareutdanning i sløyd eller teikning. I 1961 vart det oppretta ei toårig utdanning for faglærarar i tresløyd, og i 1962 kom ei line i tekstilforming og ei for metallsløyd. Etter ei stortingsmelding om lærarutdanning i 1965, vart namnet endra til Statens lærerskole i forming Notodden (SLFN). I Oslo (SLFO) og på Blaker (SLFB) vart det også oppretta formingslærarskular. I 1976 fekk SLFN oppretta eit hovudfagsstudium, i tråd med den nye lærarutdanningslova av 1973. Formingslærarskulen og Notodden offentlege lærarskule vart i 1976 slått saman til ein pedagogisk høgskule, Telemark lærerhøgskole Notodden. Skulen vart ein del av Høgskolen i Telemark (HIT) frå 1994. I 2016 fusjonerte HIT med Høgskulane i Vestfold og Buskerud, til Høgskolen i Sørøst-Norge, HSN. Målet er at HSN skal bli til Universitetet i Sør-Norge (USN).