Universitetsavisa
02.06.2016
Universitetsstyret har vedteke at UiB framleis skal ha valt rektor. Etter ein lang debatt vedtok universitetesstyret i dag, med knappast mogleg fleirtal, at UiB framleis skal ha valt rektor.
På førehand hadde Synnøve Fluge, Joakim Palme, Thea Sofie Grastveit og Dag Rune Olsen sagt at dei ønskjer valt rektor. I møtet fekk dei støtte frå Magnus Nygaard og Kjersti Fløttum, skriver På Høyden.
Les merDet var ikkje kjent kva Kari Amble, Peter M. Haugan og Johan Fredrik Odfjell ville røysta for. Dei stemte for tilsett rektor saman med Synnøve Myhre og Anne Kverneland Bogsnes. Debatten kan du sjå her.
- Dette er ei av dei mest vesentlege avgjerdslene eg har vore med på i dette styret. Eg anar kva veg dette går, og eg hadde ønska at det skulle gå ein annan veg. Dagens rektor har stor legitimitet, men ikkje så stor legitimitet som ein hadde hatt derom ein hadde utkonkurrert alle andre kandidatar i ein tilsetjingsprosess.
Det sa Johan Fredrik Odfjell. Han var den siste som hadde ordet i første runde av debatten.
Haugan ønskjer tilsett
Peter M. Haugan var ein av dei andre som ikkje hadde bestem


































































































