AddToAny

Særleg sensitive barn i barnehagen: Å førebu slik at barnet kan vite kva som skal skje, gjer overgangssituasjonane mykje enklare

Særleg sensitive barn i barnehagen: Å førebu slik at barnet kan vite kva som skal skje, gjer overgangssituasjonane mykje enklare

Høgsensitivitet vert regna som eit personlegdomstrekk og gjeld om lag kvart femte barn. Mange blir oppfatta som forsiktige og tilbaketrekte, mens ei lita gruppe blir oppfatta som utåtvende og spenningssøkande.

Det er like mange gutar som jenter som er høgsensitive. Utdanningsnytt på Facebook!

Artikkelen bygger på ei bacheloroppgåve om personalet i barnehagen og det å leggje til rette for ein god kvardag for dei særleg sensitive barna i barnehagen.

I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver står det at barna skal oppleve å bli forstått, respektert, bli sett og få den hjelp og støtte dei har behov for utifrå eigne føresetnadar (Utdanningsdirektoratet, 2017). "Barnehagen skal gi rom for barnas ulike føresetnader, perspektiv og erfaringar og bidra til at barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølve og tru på eigne evner" (Utdanningsdirektoratet, 2017). Særleg sensitive barn er eit lite kjent omgrep, og personalet kan ha vanskar med å legge merke til og følgje opp dei behov som er i denne barnegruppa.

Høgsensitivitet vert regna som eit personlegdomstrekk, og gjeld om lag kvart 5. barn. Mange blir oppfatta som forsiktige og tilbaketrekte, mens ei lite gruppe blir oppfatta som utåtvende og spenningssøkande. Det er like mange gutar som jenter som er høgsensitive.

Kva er høgsensitivitet?

Aron (2017) beskriv eit høgsensitivtet som medfødte tendensar til å tenke mykje før dei handlar og å registrere meir av omgjevnadane, samanlikna med individ som handlar impulsivt og tenkjer mindre over det som skjer. Sensitive individ, dette gjeld både barn og vaksne, er som regel oppvakte, intuitive, empatiske, samvitsfulle og forsiktige.

Aron (2017) viser til fire personlegdomstrekk for høgsensitivitet:

1. Djuptgåande omarbeiding av sanseinntrykk

2. Å ha lett for å bli overstimulert

3. Å ha sterke emosjonelle reaksjonar samtidig som ein er spesielt empatisk

4. Å vere sensitiv for subtile stimuli.

Overstimulering

Djuptgåande omarbeiding av sanseinntrykk går ut på at ein som er høgsensitiv fangar opp små detaljar, og brukar lang tid på å reflektere og omarbeide inntrykk. Refleksjon skjer som regel uvisst, men ein kan sjå det igjen i dei djupe spørsmåla barnet stiller, om barnet brukar vanskelege ord for alderen, den humoristiske sansen, problem med å ta avgjerd eller å bruke lang tid på nye situasjonar, då barnet har behov for å tenke igjennom situasjonen før det eventuelt vel å gå inn i den. Alle særprega treng ikkje være tilstade, men ein stor del av dei vil vise teikn på at dei tenkar grundig over det som skjer. Blir det for mange sanseinntrykk, klarar kanskje ikkje barnet å omarbeide alt og vert overstimulert, som kan føre til apati, tilbaketrekning eller raserianfall (Svatun, 2017).

Barn som er høgsensitiv er mykje meir merksam på kva som skjer, både innvendig og utvendig. Dette gjer at dei vert mentalt slitne, som igjen kan førar til at barnet vert fysisk sliten. Å bli sliten, overstimulert og trøytt av inntrykk er det norm

Les mer

Flere saker fra Utdanning

12. juni ønsker vi velkommen til et kurs der du som barnehagelærer kan få tips og triks til hvordan og hvorfor arbeide med lek gjennom prosjektarbeid.
Utdanning 10.05.2024
Delstaten Tennessee har vedtatt en omstridt lov. Nå kan lærere bære våpen på jobb.
Utdanning 10.05.2024
Utdanning 10.05.2024
5. juni inviterer vi til kurs om hvordan bygge gode relasjoner i barnehagen.
Utdanning 10.05.2024
Eg blei forundra då det i Utdanningsnytt blei presentert ein podkast som skal hjelpa lærarane til å bruka dei «rette» pronomena om kjønn. Eksempla er ho, han, hen, dei og xe.
Utdanning 10.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt