Alle med Tullagolv kan få sikringselement gratis. Mange sauebønder med Tulla systemgolv etterlyser informasjon og oppfølging frå Reime Agri. Alle som ber om det vil få sikringselement tilsendt, lovar Reimesjef Erik Joa.
Usikre
Mange sauebønder med Tulla systemgolv med fagverksdragere er usikre på løysinga dei har vald. Bondelaget hadde nyleg møte med produsenten Reime Agri, for å avklara viktige spørsmål knytte til golva.
Reime har hatt suksess med systemgolvet, som er ein komplett pakke der ulike komponentar blir sett saman til eit system.
- Det er likt legoklossar som kan kombinerast på veldig mange måtar. Men alle komponentane har ein gitt funksjon, slik at konstruksjon og montering må vere rett utført, seier dagleg leiar i Reime Agri, Erik Joa.
Fleire hundre golv
Det har vore stor byggjeaktivitet i sauenæringa dei siste 5-6 åra, og Joa seier dei har seld fleire hundre slike golv. Dei siste to åra har sju sauefjøs med slike golv kollapsa.
Joa forstår godt at dette skaper bekymring blant andre sauebønder med slike golv.
- Vi hadde mange telefonar i vår, men færre i sommar og haust. Vi har vore rundt mange stader i landet og sett på ulike golvløysingar. Vi har funne fram til sikre og gode løysingar h


































































































