Veksttorget 2020 er et samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Bondebladet. NLR-rådgivere har hver uke siden slutten av april rapportert om vær og vekst landet rundt i Bondebladet og på nlr.no. Dette er årets siste. Du kan lese alle rapportene i sin helhet og se flere bilder på nlr.no.
Trøndelag: Mykje, men feil værSjøl dei største optimistane blant oss, er i ferd med å få ein alvorleg knekk. Det har regna både jamt og kraftig. Status frå førre veke er uendra; 80-85 prosent av kornet står fortsatt på rot, kvaliteten blir dårlegare for kvar dag som går. Dispensasjonen til å bruke glyfosat i grønn åker har jamt over vore til lite gagn ettersom det ikkje har vore forhold for sprøyting.
Det første året utan Reglone har ført til mykje prøving og feiling hos potetprodusentane. Ulike sortar ser ut til å respondere ulikt på dei nye nedsviingsmidla, og blaute forhold i åkeren gjer ikkje utfordringane mindre. Også grasprodusentane ventar utolmodige på anna vêr. Det står att ein god del både andre- og tredjeslått. Det kan gi utfordringar også på lenger sikt i dei områda der enga no helst skulle hatt ro til å bu seg på vinteren.
Opphaldsvêr og «bjønnvijnn» står derfor øvst på ønskelista, og i følge yr.no er det faktisk sjanse for at ønska skal gå i oppfylling når elgjakta har starta. Tøffe prioriteringar og hardt arbeid er m.a.o. i vente.
Astrid Johansen, NLR Trøndelag
Møre og Romsdal: Nok regn for i årStadig påfyll med regn har gitt dårlege forhold for utearbeid. På godt drenert jor