AddToAny

Professor på gal kurs

Professor på gal kurs
Jan Martin Nordbotten ønskjer å ha full kontroll på korleis han sjølv blir framstilt. Det kan han ikkje få, skriv redaktør Dag Hellesund. Hellesund er ansvarleg redaktør i På Høyden.
Matematikkprofessor Jan Martin Nordbotten er for tida på segltur. Han har vore i hardt ver den siste tida, og ikkje i Stillehavet, der han for tida held til. Han er utsett for kritisk journalistikk som gjeld arbeidstilhøvet hans ved UiB. I innlegget En visjon for På Høyden teiknar han med breie, kraftige fargar sitt eige bilete av verda.

I april i fjor la Nordbotten ut på jordomsegling med si 40 fots Colin Archer-skøyte. Planen har vore å jobbe ved ulike institusjonar undervegs, og på same måte komme heim til Bergen i periodar. Nordbotten la ut på reise utan å diskutere dette med Universitetet i Bergen, slik dekan Helge Dahle skriv i sitt innlegg. Han tok det for gitt at han kunne organisere arbeidet sitt på ein såpass uvanleg måte, utan å spørje arbeidsgivar.

Kasta ut av Vista, måtte ta ut permisjon

Då Det Norske Videnskaps-Akademi og styret for Vista-ordninga, som finansierte forskinga til Nordbotten, fekk høyre om reisa, sa dei tvert nei: Om UiB ville la Nordbotten opphalde seg langt unna fagmiljøet sitt, måtte dei gjerne det. Men Vista ville ikkje finansiere eit slikt prosjekt.

Deretter fekk Nordbotten klar beskjed frå UiB: Det er ikkje akseptabelt å gjere det på denne måten. Og skal du segle må du gjere det i feriar eller uløna permisjon. Det er difor Nordbotten først søkte om uløna permisjon i desember 2015, etter at UiB-leiinga var blitt klar over korleis det heile hang saman.

Frå han drog i april 2015 til mai i år har Nordbotten heva full løn. No hevdar han at han skal ut seks månaders permisjon utan løn. Dette har han enno ikkje søkt om, og det var først i april, etter at På Høyden byrja å jobbe med saka, at han han varsla arbeidsgivar om at han ville be om meir permisjon. Som forskning.no redaktør Nina Kristiansen skriv, er å indikere at man ser for seg å søkje om permisjon, ganske vagt.

Vil definere kva som er privat

Eg har stor forståing for at Nordbotten ønskjer å verne om privatlivet sitt, og at han finn det svært ubehageleg å vere i søkelyset på ein negativ måte. Han føler seg trakassert av journalistikken som har handla om ein professor som med vitande og vilje har utforska ytterkantane

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt