Matematikkprofessor Jan Martin Nordbotten har sjølv oppgitt at han drog frå Noreg i april 2015. Heile det siste året har han heva full løn frå UiB. For 2015 har han oppgitt å ha segla i 85 døger med den 40 fot store Colin Archer-skøyta han eig, Lady Free. Først i mai og juni 2016 har han tatt permisjon utan løn.
På vegen frå Noreg har Nordbotten hatt eit lengre opphald i Rio de Janeiro, der han var frå 15. august til 30. september 2015 på Instituto Nacional de Matemática Pura é Aplicada (IMPA). I tillegg har Nordbotten delteke på nokre konferansar, symposium og liknande arrangement. Han er og rettleiar for fleire studentar.
I romjula drog Nordbotten saman med fire andre til Antarktis i to veker, før turen gjekk vidare til Chile.
- Kun på fritida
Arbeidsgivar UiB har ikkje hatt innvendingar mot seglinga til den unge, suksessrike forskaren, som blei professor allereie i ein alder av 27 år. Han var då ein av dei yngste norske professorane gjennom tidene. Nordbotten har òg formidla mykje, og var mellom anna med-programleiar i Norges smarteste saman med Nadia Hasnaoui (biletet) i fjor haust.
UiB-rektor Dag Rune Olsen er klar på at all seglinga har skjedd i fritida til Nordbotten:
- Det er ikkje grunnlag for å seie at han har segla i arbeidstida. Nordbotten har levert på alle parametra vi følgjer opp våre vitskapleg tilsette på. Eg opplever at han har oppfylt krava på ein utmerka måte, seier han til På Høyden.
- Men kan ein ikkje tenkje seg at han kunne ha levert endå betre om han var tilst