På Taksdal i Time kommune på Jæren er det humler som gjeld. Husdyrprodusentane er ikkje nybegynnarar, men langt frå utlærte i den kompliserte produksjonen med dronningar, arbeidarar og dronar i den uvanlege husdyrporteføljen.
- Etter 25 år driv me framleis med nybrotsarbeid, påpeikar biologilærar og humleeldsjel Karl Ivar Stangeland.
Varmt lokaleI produksjonslokalet til Pollinering AS er kledekoden uformell. Karl Ivar Stangeland, ikledd kvit singlet og kortbukse, står med ein lang pinsett ned i ei lita rund opning i glaslokket over eit humlebol. Temperaturen i lokalet som husar dei spesielle dyra er på behagelege 28 grader.
- Lyse klede og kvite legger er best, seier han, finn fram ei lommelykt og lyser ned i eit bol for å sjekke utviklinga. - Med lyse klede er det enklast å oppdage humler på villspor og plukke dei vekk før dei stikk, forklarer han.
Dronningar i kjølaNo skal mange humlebol gjerast klar for pakking, s