Bondebladet
14.04.2016

Svein Erik Hafstad i Førde gir masse skryt til ungane. - Hopp inn, seier Svein Erik Hafstad medan vindusheisen summar og opnar ei glipa i sidevindauga. Bonden er 1962-modell, medan den firehjulstrekte Toyota pickupen er av langt nyare årgang.
- Det er den første nye bilen, seier han og svingar ut frå den store parkeringsplassen ved Biltema i Førde med ei kraftig arbeidshand på det svarte skinnrattet
Les mer- Tidlegare har eg hatt eldre bilar. No har eg for første gongen unna meg ein heilt ny, det er gildt, seier han medan bilen glir gjennom rundkøyringa på veg frå Førde opp til oksefjøset.
Nytt oksefjøs
Bonden frå Førde har mange jarn i elden. På heimegarden i Førde sentrum driv han med mjølkeproduksjon med 200 000 liter i kvote og 60 vinterfôra sauer, i tillegg til fjordhestane.
I 2003 fekk han i tillegg kjøpt garden Furebø i Angedalen, fem kilometer unna. Vilkåret for handelen med den tidlegare eigaren var at garden skulle drivast vidare. Det har ikkje vore eit vanskeleg vilkår å oppfylla.
No står eit nytt oksefjøs med plass til heile 160 oksar på plass der delar av den gamle driftsbygningen stod.
Unde