- Utgangspunktet for oppgåva var å vise at naturforvaltning også er viktig i by, seier Hjorth-Johansen.
Det eksisterer nemleg ikkje eigne retningslinjer for forvaltning av dyreliv i by i Noreg.
Kartlegginga var ein del av masteroppgåva til Hjorth-Johansen. Ho ville studere korleis natur opptrer i by og vurdere ulike metodar for informasjonssanking.
Tradisjonell metode
Wenche Dramstad er landskapsforskar ved NIBIO, professor II ved NMBU i seksjon for landskapsplanlegging og rettleiaren til Hjorth-Johansen.
Ho fortel korleis metoden på studien vart endra då den opprinnelege kartlegginga ikkje førte fram.
- Planen var å samle inn data via ein metode kalla transekt. Det betyr å leggje ut faste ruter som ein registrerer informasjon langsmed, seier Dramstad.
Basert på hypotesar om kor piggsvin kan finne næring, og med eit sideblikk til ein liknande studie frå Oslo for vel 15 år sidan, valde dei ut område for registrering.
Dessverre fann ikkje studenten nokon piggsvin etter å ha tråla gatelangs i time etter time, natt etter natt. Det var heller ikkje heilt risikofritt for ei ung kvinne å farte rundt i parkar og portrom på seine kvelder og ne


































































































